Stay Signed In
Do you want to access your site more quickly on this computer? Check this box, and your username and password will be remembered for two weeks. Click logout to turn this off.
Stay Safe
Do not check this box if you are using a public computer. You don't want anyone seeing your personal info or messing with your site.
Reality-tv er eit fenomen som har eksplodert dei siste 10 åra. Kvar høst og vår blir det lansert nye program eller sesongar. Talet på menneske som er viljug til å sjå på seriane varierer sterkt. Det har blitt så mykje reality at Kari og Ola Nordmann kanskje berre orkar å få med seg dei fyste 2 eller 3 episodane før dei går lei.
Talet på menneske som er viljug til å vere deltakarar i desse programma held seg overraskande høgt. Det kan verke som alle har ein draum om å bli den store stjerna, enten det er i ”Farmen”, ”71° Nord”, ”Idol” eller ”Heia Tufte”. Det som kjennast tiltrekkjande med slike seriar er at man kan sjå på vanlege menneske som er blitt putta i ein situasjon der dei blir drive til å lure kvarandre med svik og alliansar, eller å måtte gjere noko dei ikkje ynskjer eller klarar.
All realityen har skapt eit stadig økande tal med reality-kjendisar. Sladre blad som ”Se og Hør” elskar å få med seg spennande smile-historiar der dei avslørar både det eine og det andre. For ca. eit halvt år tilbake blei eit nytt konsept sluppet innen reality. Nemleg reality med kjendisar. Der kan Nordmannen sjå idol som Sandra Lyng Haugen og ”Blomster-Finn” konkurrere mot kvarandre i dans. Eg veit ikkje om dette var ei stor suksess eller ein flopp, fordi eg ikkje såg på programmet.
Eg trur reality-tv alltid vil bestå, fordi menneske halder fram med å sjå på det som blir laga når det kommer nye idèar. Mengden seriar vil nok variere etter kvart fordi fleir blir lei og ikkje orkar å følgje med. Likevel vil noko av det alltid bestå.
Det neste åra vil det dukkje opp reality-seriar vi aldri hadde trodd var mogleg. Dei kjem, og vi vil nok sjå på dei sjøl om vi fornektar det no.